Sperra inne av snøskred
Ein brøytebil, to personbilar og ein varebil er innesperra mellom snøskred ved Skarvbergtunnelen i Finnmark. Ingen av dei seks personane som er ramma er skadd, ifølgje Hovedredningssentralen Nord-Norge. Naudetatar jobbar med å få ut personane.