Palestinsk student saksøker Danmark
Ein palestinsk student i Danmark har saksøkt den danske staten for brot på FNs og EUs regler for våpeneksport, melder NTB.
Advokaten hans Eddie Omar Rosenberg Khawaja seier Danmark ifølge reglane skal nekte eksport av våpen og militært utstyr dersom det er risiko for at det blir brukt til krigsbrotsverk eller brot på folkeretten.
– Danmark har eit medansvar fordi danske styresmakter godkjenner eksport av danske kampflydelar som truleg ender opp i Israel, seier han til det danske tidsskriftet Danwatch.
Flyprodusenten Lockheed Martin har tidlegare stadfesta overfor Fri Fagbevegelse at det er norskproduserte delar i dei israelske kampflya.
LO og Fagforbundet har kravd at Noreg skal stoppe vidaresal av norske våpen og våpendelar til Israel på grunn av krigen i Gaza.