Tryggingsrådet minnast Irans president
Medlemmane i Tryggingsrådet i FN mintest Irans president Ebrahim Raisi og følget hans med eitt minutts stille, melder AFP.
Raisi og utanriksminister Hossein Amir-Abdollahian, saman med iranske tenestemenn, døydde i ein helikopterstyrt nær grensa til Aserbajdsjan søndag.
Men Israels FN-ambassadør Gilad Erdan kalla handlinga til Tryggingsrådet for ei skam.
– Tryggingsrådet har blitt ein trussel den globale freden og tryggleiken, seier Erdan, som har vore særs kritisk til FN etter at krigen mellom Israel og Hamas starta 7. oktober.