Har snakka med Fico på sjukehuset
Slovakias påtroppande president Peter Pellegrini seier han har snakka med statsminister Robert Fico, melder Reuters.
– Han er i stand til å snakke, men berre nokre få setningar. Han er svært, svært sliten, sa Pellegrini etter visitten.
Han håper Fico kan vere i stand til å gjere eigne avgjerder i løpet av dei neste dagane, men at det i mellomtida vil kome ein vikar som tek seg av oppgåvene til statsministeren.
Fico blei skoten og hardt skadd onsdag, og blei operert i fem timar.
Torsdag kom meldinga om at han var utanfor livsfare.
Ein mann er sikta for drapsforsøk på den slovakiske statsministeren. Politiet meiner han handla aleine.