Ber om stans i valkampen i Slovakia
Slovakias president Zuzana Caputova ber om at EU-valkampen i landet blir innstilt, etter at statsminister Robert Fico blei skoten onsdag, melder fleire nyheitsbyrå.
Caputova skal også ha eit felles møte med partileiarane for å dempe dei politiske spenningane.
Fico blei hardt skadd i skytinga, og tilstanden hans skal vere stabil, men alvorleg, ifølge sjukehuset der han er innlagd.