Stor støttemarkering etter angrep i Stockholm
Tusenvis av menneske møtte opp til ei støttemarkering i Stockholm etter at maskerte personar gjekk til angrep med røykbomber på eit politisk møte onsdag, melder Aftonbladet.
Nettavisa Expo hevdar det var nynazistar som stod bak angrepet.
– Vi gir oss ikkje, vi kjem ikkje til å vike ein tomme for dei høgreekstreme. Vi kjem til å stå opp for at alle er like mykje verdt, sa leiaren til Socialdemokraterna Magdalena Andersson, som deltok på markeringa laurdag.
Ingen er så langt arrestert for angrepet.