Vart sendt tilbake til fastlandet
Ein norsk statsborgar som kom med fly til Longyearbyen fredag, vart sendt rett tilbake til fastlandet etter brot på den lokale koronaforskrifta. Mannen kom frå London torsdag og hadde ikkje gjennomført pålagd innreisekarantene på Gardermoen, opplyser Sysselmannen på Svalbard i ei pressemelding.