Leiteaksjon på Vassfjellet
Det er sett i gong ein leiteaksjon på Vassfjellet. Luftambulanse, hundepatruljar og frivillige bistår i søket etter ein jeger. – Vi fekk melding klokka 19. Mannen vart meldt sakna av familien. Vanlegvis brukar han å vere heime i 15-16-tida, seier operasjonsleiar Kirsten Bergstrøm til NRK.