Storm og Emma viser fram kjærleiken
MGP-artistane Leo Davidi «Storm» Sundli og Emma Gunnarsen har funne kjærleiken.
Dei melder dette ut på Emma sin Instagram søndag ettermiddag.
– Leo har ingen kommentar til dette utover det bildet som er delt, seier manageren hans, Celine Høie, til NRK.
Sundli og Gunnarsen blei gode vener under Melodi Grand Prix-finalen på Lillehammer tidlegare i år.
Dei to artistane har tilbragt mykje tid saman etter MGP-finalen, sjølv om begge to satsar hardt på band- og solokarrierer.