Fordømmer angrep mot FN-soldatar i Libanon
Leiaren for det libanesiske parlamentet Nabih Berri fordømmer angrepet på franske FN-soldatar i Libanon, melder AFP.
Ein soldat blei drepen og tre andre skadde i angrepet.
Ifølge Frankrike var det Hizbollah som stod bak angrepet. Hizbollah har så langt ikkje kommentert hendinga.
Berri, som er ein alliert av Hizbollah, rosar innsatsen til FN-soldatane, og sender kondolansar til Unifils styrkesjef general Diodato Abagnara.