Utvida sikting mot valdtektssikta
Mannen i 40-åra som tysdag vart sikta for valdtekt av ei kvinne i Bergen i fjor, blir i dag framstilt for fengsling. Siktinga er i tillegg utvida til også å gjelde lagring av overgrepsmateriale av born under 18 år.
– Han har forklart seg for politiet og samarbeidd, men har ikkje erkjent straffskuld for noko av områda, seier politiadvokat Sven Dahl-Michelsen.
Politiet har teke beslag i digitale einingar som no blir analyserte. Han skal ha ein nær relasjon til den fornærma kvinna i valdtektssaka. Ho blir skildra som vaksen.
Politiadvokaten ynskjer ikkje å seie korleis dei vart kjende med saka.
– Vi ber om fire veker med brev- og besøksforbod grunna fare for øydelegging av bevis, seier Dahl-Michelsen.