Stortinget vedtok at domstolane skal vere uavhengige
Ein samrøystes Storting vedtok tysdag å skrive vernet av domstolane inn i Grunnlova, melder NTB.
Avstemminga blei gjort munnleg.
Det blei vedteke fem endringar i Grunnlova som skal sikre at domstolane er uavhengige. Endringane blei gjort for å sikre at politikarar i framtida ikkje skal bruke domstolane som verkemiddel til eiga politisk vinning.
– Grunnlovsvern må bli bygd i rolege tider, der sjølvstendet ikkje er truga, sa saksordførar Frode Jacobsen (Ap) då saka var oppe til debatt.