Lege blei frikjend - ankar saka
![Lege blei frikjend - ankar saka](https://gfx.nrk.no/1yfvChVpN2d1RRXTyMiqFgYjvX9lpINio1QtPo4xnsFQ.jpg)
Saka der ein pasient har skulda ein lege for å ha massert brystvortene hennar, kan få ein ny runde i retten.
Den tidlegare legen blei nyleg frikjend i tingretten.
Påtalemakta har bestemt seg for å anke, og politiinspektør Anders Skorpen-Trøen seier dei har vurdert bevisa annleis enn tingretten. Det er difor ønskeleg at lagmannsretten vurderer saka på nytt.