Kaptein på cruisebåt gripen i Ungarn
Ungarsk politi har gripe kapteinen på cruisebåten som var innblanda i ein båtkollisjon på Donau laurdag, melder AFP.
To menneske, som var i ein mindre motorbåt, er funne omkomne etter ulukka. I tillegg er fem andre framleis sakna.
Politiet seier cruisekapteinen har vore inne til avhøyr, og er gripen mistenkt for fleire lovbrot i samband med ulukka, blant anna at han ikkje varsla om ulukka, og at han ikkje prøvde å redde dei som var i den mindre båten.