Samanstøyt i hovudstaden i Kongo
Tre personar skal ha blitt drepne i ein samanstøyt mellom væpna menn i uniform og vaktene til tidlegare visestatsminister Vital Kamerhe i hovudstaden i Kongo, Kinshasa, melder nyheitsbyrået AP.
Det er ikkje kjent kva som var grunnen til samanstøyten.
Kamerhe er representant i nasjonalforsamlinga i Kongo, og er ein kandidat til posten som leiar i forsamlinga.