Skal undersøka kvifor nordmenn får få barn
Regjeringa skal setta ned eit utval som skal undersøka kvifor nordmenn får færre barn. Dei vil også finne ut kva styresmaktene kan gjera for å snu trenden.
– Noreg skal vere eit attraktivt land å få barn i. Låge fødselstal over tid kan ha mykje å seie for samfunnet. Undersøkingar tyder også på at nordmenn får færre barn enn dei ønsker seg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) i ei pressemelding.