Staten tilbyr bøndene 2,62 milliardar kroner
Staten har gjeve bøndene eit tilbod med ei ramme på 2,62 milliardar kroner i jordbruksforhandlingane.
Det kan gi ein inntektsauke på 70.000 kroner per årsverk, skriv Landbruks- og matdepartementet i ei pressemelding.
Departementet skriv også at tilbodet vil redusere gapet mot andre grupper med 45.000 kroner, som er ein tredel av det utrekna inntektsgapet.
Målet er at gapet skal bli tetta innan 2027.
Bøndene leverte kravet sitt for ti dagar sidan. Dei kravde 3,9 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret.