Uroa for tryggleiken i Oslo hamn
Norsk Tollerforbund og Bama er kritiske til tryggleiken i Oslo hamn, etter fleire beslag av kokain i banankasser det siste året, skriv VG.
Dei krev meir pengar til Tolletaten slik at dei kan tilsette fleire folk og kjøpe nytt utstyr.
– Det er betre tryggleik i hamnene i Sør-Amerika, seier konserndirektør i Bama, Pia Gulbrandsen, til avisa.
Norsk Tollerforbund har i fleire år sagt at tryggleiken ikkje er god nok.
– Dersom vi verkeleg skal overvinne narkotika, må vi har ein stor budsjettauke til Tolletaten, ikkje berre politiet. Oslo hamn tek imot store mengder varer, og slik situasjonen er no, får vi ikkje gjort jobben vår, seier leiar Karin Tanderø Schaug i Tollforbundet.