Fjernar «giftige» franske bøker
Nasjonalbiblioteket i den franske hovudstaden Paris fjernar fire «giftige» bøker frå samlinga. Dei fire bøkene frå 1800-talet blir tatt vekk fordi innbindinga kan innehalde det giftige stoffet arsenikk.
Å handtere bøkene vil truleg berre kunne føre til mindre skade, skriv NTB. No er dei tatt vekk for nærare analyse.
På 1800-talet blei grøne pigment som inneheldt arsenikk brukt til å setje farge på innbindinga på bøker.
Dei giftige bøkene utgjer fire av over 16 millionar titlar i det franske nasjonalbiblioteket.