Sjekka om mann hadde gått gjennom isen på Stord
På Skiphaugsvatnet på Stord vart det sendt ut helikopter for å sjekke om ein mann kunne ha gått gjennom isen. Det var vitne som melde frå til politiet om at dei såg ein mann ute på den tynne isen på vatnet i ettermiddag. Vitna mista deretter synet av mannen, men det var uvisst om det var fordi vedkommande hadde gått av isen eller om han hadde falle gjennom, meldte politiet.
Klokka 15.57 har helikopteret flydd over vatnet og kan ikkje sjå at det er hol i isen.
Like over klokka 16.00 melder politiet at dei har vore i kontakt med mannen som var ute på isen.