St. Olav: Tilsette må teste seg
Studentar eller praksisstudentar som har vore i kommunane der det er påvist mutantvirus skal ikkje møte på St. Olavs hospital i Trondheim før det har gått ti dagar. Tilsette som har reist i desse kommunane må vente med å gå på jobb til dei har ein negativ koronatest. Det opplyser sjukehuset i ei pressemelding.