Minst 38 mista livet i snøskred
Minst 38 personar har mista livet i to snøskred aust i Tyrkia. Dei fleste offera deltok i ein redningsoperasjon som blei sett i verk etter det første skredet som gjekk tysdag kveld. Skreda gjekk i eit fjellområde like ved grensa til Iran.