Kutta bompengeprosjekt med tre mrd.
Eit utspel frå samferdselsminister Jon Georg Dale førte til at eit bompengeprosjekt i Ålesund i kveld vart tre milliardar billigare enn det politikarane vedtok i mai. Ministeren meinte lokalpolitikarane måtte halde seg til summen dei vedtok i 2016.