Sakna kvinne kom til rett i Moss
Ei 80 år gamal kvinne som var sakna etter ein tur ved Årvolltangen i Moss, er funnen i god behald. Det opplyser Øst politidistrikt. Kvinna vart funne gåande i terrenget av politihelikopteret, og er følgd ut av området av frivillige frå Røde Kors. Ho er tatt hand om av ambulansepersonell.