Mister 21 kampar etter vaksinejuks
NHL-spelaren Evander Kane er utestengd i 21 kampar, eller drygt ein firedel av grunnspelsesongen, etter å ha brote covid-reglane. Det var ligaleiinga som fastsette straffa for San Jose-spelaren. NHL har ikkje gått i detaljar om kva regelbrotet går ut på. Men fleire media har meldt om at Kane skal ha skaffa seg eit falskt vaksinesertifikat. Spelaren sjølv legg seg paddeflat, og ber klubben, lagkameratane og fansen om orsaking. – Eg gjorde ein feil som eg tek alt ansvaret for. Eg skal bruke suspensjonstida til å lære meg å ta betre avgjerder... Читать дальше...