Sørloth framleis mållaus
Alexander Sørloth spela det siste kvarterte for Leipzig, men det hjelpte ikkje. Leipzig tapte 0-1 for Paris St. Germain. Neymar scora målet etter 11 minutt, og Sørloth har framleis ikkje scora for sin tyske klubb. Leipzig har seks poeng, like mange som PSG, og møter botnlaget Istanbul Basaksehir i neste veke.