Fly på veg til Mexico har forsvunne
Mexicanske myndigheiter bekreftar at eit fly som skulle frå Las Vegas til Monterrey i nordlege Mexico, aldri kom fram. Det er førebels usikkert kor flyet er no, og om nokre av dei totalt fjorten menneska om bord er i live, skriv Reuters.