Brexit-røysting i januar
Det britiske parlamentet skal røyste over brexit-avtalen den tredje uka i januar. Det fortalde Theresa May i ein tale i Parlamentet. Røystinga vart utsett då May innsåg at eit stort fleirtal i Underhuset låg an til å røyste mot avtalen.