Omringinga av hotell i Mogadishu er avslutta
Minst 20 er drepne i eit angrep frå islamistgruppa a Al-Shabaab mot et hotell nær sentrum av Somalias hovudstad Mogadishu. I tillegg til dei drepne skal minst 40 personar vera skadde. Sikkerheitsstyrkar har også redda mange ut av hotellet, blant dei born.
Seint laurdag kveld opplyste ein anonym sikkerheitstopp til nyheitsbyrået AFP at situasjonen var avklart etter rundt 30 timar.
– Sikkerheitsstyrkar har gjort slutt på omringinga no og angriparane er døde. Me har ikkje blitt skotne på frå hotellet den siste timen, sa tenestepersonen.
Den somaliske regjeringa planlegg å halda ein pressekonferanse om angrepet søndag morgon.