Kreml: – Putin er ikkje sjuk
Talsperson for Kreml, Dmitry Peskov adresserte i dag rykta om at Putin skal ha vore sjuk og uvel etter besøket i Iran. Peskov kalla det heile for falske skuldingar og sa at presidenten var ved god helse. Det skriv Reuters.
Han sa også at vestlege sanksjonar ikkje vil få Russland til å endre sine mål. Han la til at sjølv dei hardaste sanksjonar aldri har fått land til å endre sine avgjerder.
Peskov la til at det er europeiske restriksjonar som gjer at russisk gasseksport er og har vore avgrensa, og at landet er ein viktig og påliteleg leverandør av energi til Europa.
På spørsmål om europeisk bekymring om vidare avgrensing i gassflyten, refererte Peskov til Putin sine tidlegare kommentarar om at det russiske energiselskapet Gazprom har oppfylt og vil oppfylle pliktene sine overfor sine klientar.