Ein død etter flyulykke i Istanbul
Éin person er stadfesta omkomen etter at eit fly sklei av rullebana og knakk i tre delar ved flyplassen Sabiha Gökçen i Istanbul onsdag. 157 blei skadde. Det var 177 personar om bord i flyet som kom til flyplassen frå den tyrkiske byen Izmir.