Noreg tapte i bandy-VM
Dei norske bandykvinnene imponerte tidvis mot Russland på Voldsløkka, men gjekk til slutt på eit 2-0 tap i det kraftige regnvêret. Russland tok leiinga alt etter to minutt og Noreg klarte aldri å utligne leiinga trass i fleire store sjansar. Alt før dagens kampar var Noreg sikra ein plass i semifinalane fredag.