Israel ber sivile evakuere frå Aust-Rafah
Det melder Reuters.
Det israelske forsvaret seier at dei har bedt sivile som held til aust i byen Rafah om å evakuere til ei humanitær sone i Al-Mawasi.
Den varsla israelske bakkeinvasjonen i grensebyen Rafah har halde på den siste veka.
Fredag omringa Israel den austlege delen av byen med stridsvogner.
Sidan krigen eskalerte etter terroråtaket 7. oktober, har over ein million palestinarar flykta til Rafah.
Etter bakkeinvasjonen starta i Rafah har over 100 000 igjen flykta tilbake til andre delar av Gazastripa.