Bøndene krev over 2 milliardar
Bøndene krev 2,1 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret. Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og småbrukarlag krev pengar både for å sikra inntekter, støtta investeringar og sikra velferdsgoder for bøndene. Forhandlingane skal vara til 15. mai.