Sprang frå ulukkesbil
Ein mann har sprunge frå staden etter å ha vore involvert i ei utforkøyring på riksveg 44 ved Skarpenes i Sokndal. Bilen ligg på taket utanfor vegen. Politiet melder at dei må avklare om vedkommande er skadd og ber om tips på telefon 02800.