Sensasjonell norsk vektløftarbronse
Solfrid Koanda (22) tok ein sensasjonell norsk bronse i vektløfting i EM i Moskva i 87 kg-klassen laurdag. Ho løfta 135 kilo i støt, det er norsk rekord. Ho har sjølv gjort det på trening tidlegare.
– Det er det største eg har opplevd, seier Koanda til NRK. Ho har drive med vektløfting berre i eit drygt år. EM var det første internasjonale stemnet ho var med på.
– Eg blei oppfordra til å delta på NM, og der såg dei at eg hadde talent. Det blei norsk rekord. Så har det gått betre og betre, det har vore ei fantastisk reise, seier Arendals-jenta.
– Eg kjende meg veldig sterk då eg stod der, og var veldig stolt.
Stolt er også trenar Stian Grimseth.
– Ein ting er å ha talent. Men å greie å ta det ut slik ho gjorde i dag, er fantastisk, seier han.
– Dette er ikkje noko blaff. Ho har mykje å gå på teknisk, og kan utvikle seg mykje. Ho er eit unikt talent.
OL i Tokyo kjem kanskje litt tidleg, men OL i Paris om tre år er eit naturleg mål, seier han.
– Dette er veldig stort, seier generalsekretær Arne Grostad i vektløftarforbundet til NRK.
I rykk løfta ho 100 kilo og blei nummer fem. Smanlagt er det 26 kilo over den tidlegare norske rekorden.
– Med så kort fartstid som vektløftar gir dette håp om endå betre prestasjonar framover, skriv forbundet på si nettside.