Celtic-spelar smitta
13 spelarar og to trenarar i fotballklubben Celtic er i karantene etter at Christopher Jullien testa positivt på koronaviruset.
Det opplyser klubben om berre timar før kampen mot Hibernian måndag kveld. Den skal likevel bli spelt som planlagt.
Det er ikkje kjent om Kristoffer Ajer og Mohamed Elyounoussi er blant desse 13.