City-maskinen durer vidare
Sergio Agüero scora to gonger då Manchester City banka Brighton 4-0 i Premier League. Kevin de Bruyne og Bernardo sette inn det første og det siste.
Skåret i City-gleda var at midtstoppar Aymeric Laporte måtte ut med kneskade etter ei takling nokre minutt før pause.
City inntok dermed tabelltoppen og har den i det minste til Liverpools bortekamp mot Burnley er ferdig seinare i kveld.