Person funnen i sjøen i Bergen – kritisk skadd
Ein person er funnen kraftig nedkjølt i sjøen i Laksevåg bydel i Bergen.
Personen verkar å vera kritisk skadd, melder politiet.
Naudetatane rykte ut til staden og vedkomande er på land.
Hen er medviten, men framstår kraftig nedkjølt og fekk helsehjelp på staden. Like før klokka 14 melde potliet at vedkomande er frakta til sjukehus.
Dei kjenner ikkje til at nokon har sett at vedkomande har falle i vatnet og veit ikkje kor lenge personen har vore uti.