Tre personar i frontkollisjon i Nordfjord
Tre personar var like før klokka 16 innblanda i ei front-mot-front ulykke på fylkesveg 61 Vanylvsvegen like ved Juvatnet på grensa mellom kommunane Stad og Vanylven.
Dei tre vart tilsett av ambulanse på staden og deretter køyrde til legevakt med ukjend skadeomfang.
Derimot var det store materielle skader.
Alle naudetatane er på staden. Det er glatte forhold der.
Vegen vart stengd etter ulukka, men 16.45 melde politiet at eitt køyrefelt var opna for manuell dirigering.
Klokka 17.40 var bilane fjerna og vegen opna for fri ferdsel.
Politiet opprettar sak.