Trump: 48 iranske leiarar drepne
USAs president Donald Trump hevdar at 48 iranske leiarar har blitt drepne i amerikanske og israelske angrep mot Iran., melder nyheitsbyrået Reuters.
Utsegna kom i eit intervju med Fox News sundag, ifølge Reuters.
– Ingen kan tru kor vellukka dette har vore. 48 leiarar er borte i eitt slag, sa Trump i intervjuet.
Opplysningane har ikkje blitt bekrefta frå Iran.