Iran hevdar å ha ramma tre amerikanske og britiske oljetankarar
Irans revolusjonsgarde hevdar at dei har ramma tre amerikanske og britiske oljetankarar med missil i Persiabukta og Hormuzstredet, melder iranske statlege medium. Det skriv Reuters.
Påstanden kjem i ei fråsegn frå Revolusjonsgarden søndag.
Opplysningane er ikkje bekrefta frå amerikansk eller britisk hald at tankarar er treft.