Israel seier dei utfører nye luftangrep mot Iran
Det israelske militæret (IDF) seier at dei har sett i gang ein ny serie luftangrep mot sentrale delar av Irans hovudstad Teheran, melder Reuters.
Opplysninga blei kunngjord av IDF sundag.
Det er førebels ikkje gitt fleire detaljar om måla for åtaka eller om skadeomfang.