Fjøsgolv kollapsa: – Ein sau har mista livet
Alle sauene er henta opp, 21 til saman. 20 av desse såg ut til å vere i god behald, skriv vaktleiar Jostein Steinsland-Hauge i 110-Sentralen vest i ei oppdatering klokka 11.20.
Steinsland-Hauge rosar alle som har bidradd av naboar, brannvesen og politi for at dei fekk redda ut såpass mange sauer.
Då golvet kollapsa fall mange av sauene ned i møkakjellaren som ligg under fjøsgolvet.
I etterkant blir det jobba med å forhindre at møk frå kjellaren hamnar ute i Lærdalselva, som renn nære fjøset.