Tolv personar døydde i fyrverkeriulykke i Kina
Tolv personar omkom då ein butikk som selde kinaputtar eksploderte og tok fyr i Hubei-provinsen i Kina, melder den statlege kringkastaren CCTV, ifølge Reuters.
Eksplosjonar i samband med fyrverkeri er ikkje uvanleg i Kina og fyrverkeri blir brukt i stor skala under feiringar.