Har gjort funn av død person i Bergen
Brannvesenet har gjort funn av ein død person i sjøen i Bergen, opplyser politiet.
Politiet opplyser at identiteten enda ikkje er stadfesta, men at det kan vere den sakna mannen dei har leita etter.
Pårørande er varsla om at det er gjort funn, men er informerte om at identiteten ikkje er bekrefta.