15.000 fleire arbeidsledige i 2025
Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at arbeidsløysa har gått opp med 15.000 frå året før.
Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at arbeidsløysa auka frå 4 prosent i 2024 til 4,5 prosent i 2025. Totalt var 136.000 arbeidsledige i fjor.
Auka er sterkare blant menn enn kvinner.
Ein viktig grunn til at arbeidsløysa gjekk opp var ifølgje SSB at fleire utanfor arbeidslivet byrja å søke jobb. Då blir dei òg registrerte som arbeidsledige.