Flyselskap får ikkje etterfylle drivstoff på Cuba
Cubanske styresmakter varslar at internasjonale flyselskap ikkje får etterfylle drivstoff på grunn av oljeblokaden til USA.
Air France seier flya deira skal mellomlande andre stader i Karibia for å etterfylle drivstoff, melder AFP.
Cuba innførte krisetiltak fredag etter at tilgangen på olje og drivstoff frå Venezuela blei blokkert etter det amerikanske angrepet på Venezuela i januar.