Tennisstjerne tilbake etter skade – skal til Noreg for å spele Davis Cup
Verdsstjerna Jack Draper er klar for Nadderud Arena når Storbritannia møter Noreg i Davis Cup 5. februar.
I desember kom nyhenda om at briten, som er ranka som nummer elleve i verda, mista Australian Open grunna ein armskade.
No er 24-åringen tilbake, og skal saman med mellom andre Cameron Norrie kjempe mot det norske laget med Casper Ruud i spissen.
Ruud tok karrierens største siger då han slo nettopp Draper i Madrid Open i mai i fjor.
Davis Cup ser du på NRK2 5. februar frå kl. 17.55.