Eide: – Nobelkomiteen er uavhengig
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) avviser at Donald Trumps utspel om fredsprisen har noko med norsk politikk å gjere.
Han understrekar at regjeringa ikkje har innverknad på kven som får prisen.
– Det er eit veldig viktig skilje i Noreg. Nobelkomiteen er uavhengig. Den skal vere uavhengig, og den skal bli verande uavhengig. Det er ikkje riktig at regjeringa har nokon innverknad på kven som får fredsprisen, seier Eide i Politisk Kvarter.
Han legg til at fredsarbeid ikkje kan knytast til prisutdelingar.
– Om ein får Nobelpris eller ikkje, har ingen føring på om ein skal vere for eller mot fred. Korleis ein skal oppføre seg som stat på denne kloden, er ramma inn av grunnleggande rettsreglar.